Historisk arkiv

Ny frihandelsavtale med Filippinene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Frå og med i dag blir det tollfri handel for norsk sjømat til Filippinene.

Frihandelsavtalen mellom Efta og Filippinene trer i kraft 1. juni. Med den nye frihandelsavtalen vil mesteparten av norsk eksport av varer til Filippinane vil sleppe toll.

- Dette er ein viktig avtale for norske bedrifter. Filippinene har ei befolkning på om lag 100 millionar og landet har dei siste åra vært blant dei landa i Asia som veks raskast. Vi veit at handelsavtaler kan gi økt eksport for norske bedrifter, og dei kan bidra til å sikre arbeidsplassar i heile Noreg,  seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Avtalen er særleg god for norsk eksport av fisk og sjømat, fordi den gir tollfri handel for ei rekke viktige fiskeprodukt som fersk og fryst laks og ørret og fryst torsk og makrell.

- Norsk sjømat er ettertrakta i heile verda, og Asia er ein marknad som blir stadig meir interessant. Vi håpar denne avtalen vil bidra til at norske sjømatbedrifter kan eksportere meir til Filippinene, seier fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

Filippinene har lenge hatt eit komplisert system for importlisensar for importørar av sjømat. Avtalen gir meir føreseielegheit for importørar og mindre handelsbyråkrati for eksportørar. Til dømes vil nå Mattilsynet sine helseattester aksepterast utan attesteringar og gebyr, så lenge dei er på engelsk.

I 2017 ble det eksportert sjømat frå Noreg til Filippinene for nær 140 millionar kroner. Samla eksport frå Noreg same år var om lag 457 millionar kroner.

Frihandelsavtalen med Filippinene er ein omfattande avtale, og fyrste avtale som og inneheld eigne tenestevedlegg om maritim transport og energirelaterte tenestar.

Noreg har 27 frihandelsavtaler gjennom Efta. Fire av dei er i Asia: Filippinene, Singapore, Hong Kong, Sør-Korea.  Vi har også pågåande forhandlingar i Asia med India, Indonesia, Kina, Malaysia og Vietnam.