Ny statsforvaltar i Trøndelag

Frank Jenssen er i statsråd i dag utnemnd til statsforvaltar i Trøndelag.

– Jenssen er ein erfaren statsforvaltar i Trøndelag, som vi med dette gjev ein ny åremålsperiode. Eg ynskjer Jenssen lukke til med viktig arbeid vidare, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Jenssen tiltrer i det nye åremålet for ein periode på seks år frå 1. januar 2024.

Frank Jenssen er 53 år og er utdanna innan statsvitskap og samfunnsvitskap. Han har bakgrunn frå politisk styring på ulike nivå, leiing, ei rekke verv og fleire utgreiingsoppdrag. Jenssen er samfunnsengasjert og utviklingsorientert, og er særs motivert til å ta fatt på eit nytt åremål som statsforvaltar i Trøndelag.