Marte Mjøs Persen er ny olje- og energiminister

Stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen (Ap) frå Bergen blei torsdag 14. oktober utnemnd til ny statsråd i Olje- og energidepartementet i Jonas Gahr Støres regjering.

'
Statsråd Marte Mjøs Persen på sitt nye kontor i Olje- og energidepartementet 14. oktober 2021. Foto: Margrete Løbben Hanssen/OED

— Det er ei stor ære å få lov til å bli olje- og energiminister i denne regjeringa. I arbeidet med å skape nye jobbar og kutte utslepp kjem energisektoren til å spele ei viktig rolle, seier Mjøs Persen.

Marte Mjøs Persen etterfølgjer Tina Bru (H), som har vore olje- og energiminister i Erna Solbergs regjering sidan 24. januar 2020. 

'
Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen hilser på sine nye kollegaer i OED 14. oktober 2021. Foto: Margrete Løbben Hanssen/OED

Tidlegare ordførar

Mjøs Persen har vore ordførar i Bergen frå 2015 og fram til i haust, då ho blei vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Hordaland valkrets. Ho er leiar for Vestland Ap og sit også i sentralstyret i Arbeidarpartiet.

Mjøs Persen har mange års erfaring som folkevald i bystyret i Bergen, og som tillitsvald og fagorganisert i LO.

'
Marte Mjøs Persen (Ap) overtok statsrådposten som olje- og energiminister etter Tina Bru (H) ved regjeringsskiftet 14. oktober 2021. Foto: Margrete Løbben Hanssen/OED

Ho har ein bachelorgrad i kultur- og samfunnsvitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har tidlegare også jobba i hotell- og restaurantbransjen, og som organisasjonssekretær for bl.a. Human-Etisk Forbund.

Den nye olje- og energiministeren er gift, har fire barn og bur i Bergen. Ho er fødd i 1975.

'
Den nye regjeringa til statsminister Jonas Gahr Støre blei presentert på Slottsplassen torsdag 14. oktober 2021. Foto: NTB kommunikasjon/Statsministerens kontor