Historisk arkiv

Ny stortingsmelding om ungdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Det er snart tjue år sidan førre stortingsmelding om ungdomspolitikk. No varslar barne- og likestillingsministeren ei ny melding som ser på unges levekår og framtidsutsikter.

Ungdomsminister Linda Hofstad Helleland saman med ungdommar under kafédialog i Molde i desember 2018
Ungdomsminister Linda Hofstad Helleland saman med ungdommar under kafédialog i Molde i desember 2018. Foto: BLD

- Unges kvardag ser heilt annleis ut i dag enn for tjue år sidan. I siste ungdomsmelding hadde vi skular utan tilgang til internett og sosiale media var ikkje nemnt. Vi må forstå korleis dagens unge lever liva sine, med moglegheitene og utfordringane det gir, og vi må utforme ein politikk som legg til rette for gode ungdomsliv, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

Meldinga vil famne alle unge mellom 13 til 25 år. Meldinga vil ta opp ei rekke tema, som ungdoms engasjement, demokratiet og at alle har like moglegheiter. Alle unge, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsnivå og bakgrunn må få moglegheita til å bidra i samfunnet. I tillegg vil den sjå heilskapleg på tema som ungdoms digitale kvardag, helse, stress og press, einsemd og mobbing, og hatkriminalitet og vald. Regjeringa sitt mål er at dagens unge kan slutte opp om eit berekraftig velferdssamfunn, der sentrale verdiar som demokrati, openheit, menneskeverd, tilhøyrsle og fellesskap haldast i hevd.

- Det er på tide at vi utformer ein gjennomgripande politikk for ungdom. Ikkje lausrive som barn i familiar, elevar, studentar, forbrukarar eller i møte med ulike tenester, men ei ungdomssatsing som tek føre seg alle sider ved det å vere ung i Noreg i dag, seier Helleland.

Ungdom skal med

Stemma til ungdom skal komme til syne i stortingsmeldinga. I arbeidet med meldinga vil regjeringa ha god dialog med både organisert og uorganisert ungdom. Barne- og likestillingsministeren har den siste tida reist rundt for å møte unge i ulike livssituasjonar i deira miljø og for å diskutere tema som opptek dei. I tillegg til ungdomsdialogen har statsråden fått over 3000 innspel frå unge via nettstaden ung.no.

- Slike innspel er viktige for å fange opp kva unge er opptatt av, kva som er viktig for dei og kva dei er bekymra for i framtida. Stort sett har dei unge det veldig bra! Men vi veit også at dei er meir bekymra for klima og verdssituasjonen, føler på eit stort press frå mange kantar og at dei er uroa for om dei kjem til å få seg jobb i framtida. Vi veit at for mange fell ut av vidaregåande skule og at det i framtida vil bli vanskeleg å få seg jobb utan utdanning. Det må vi ta på alvor, for vi vil at alle skal kunne leve gode liv, og bidra til fellesskapa våre og berekrafta i velferdssamfunnet, seier statsråden.

Leggast fram i 2020

Meldinga skal etter planen leggast fram for Stortinget hausten 2020. Arbeidet med ungdomsmeldinga vil koordinerast med andre aktuelle arbeid på feltet, som barne- og ungdomskulturmeldinga under Kulturdepartementet som også skal leggast fram hausten 2020.