Helsekompetanse er personar sin evne til å forstå, vurdere og bruke helseinformasjon for å kunne ta kunnskapsbaserte avgjerder relatert til eiga helse.

- Å heve helsekompetansen er ikkje berre viktig for å førebygge sjukdom, det er også viktig for å førebygge helseskilnader, seier helseminister Bent Høie. - Difor har vi bede Helsedirektoratet om å gjere ei stor kartlegging av korleis det står til med helsekompetansen i Norge.

Kartlegginga vil vise kor høg helsekompetansen er i befolkningen generelt, og kor høg den er i ulike grupper som eldre, unge og innbyggarar med minoritetsbakgrunn.

Regjeringa sitt mål er å skape pasienten si helseteneste. Det føreser at pasientar og brukarar har kunnskap og moglegheiter for å ivareta si helse på best mogleg måte. Helse- og omsorgstenestene må legge til rette for at pasientar og brukarar i større grad vert tekne med på avgjerder som omhandlar dei, gjennom blant annet å stille spørsmålet «kva er viktig for deg»? Tilstrekkeleg helsekompetanse er ein føresetnad for å realisere pasienten si helseteneste.

- Eg får sluttrapporten frå direktoratet i løpet av 2020. Den vil gje oss eit godt grunnlag i arbeidet med å heve helsekompetansen i Norge, seier Høie.

Les strategien her