Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa
Pressemelding | Dato: 16.10.2026 | Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
om kva som skjer i lokalsamfunnet. Derfor skal staten halde fram med å kjøpe avisdistribusjon i område der det ikkje finst kommersiell distribusjon, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.
Til forskjell frå brevlevering, er det fleire aktørar som kan distribuere aviser. Derfor er det ikkje høve til å direktetildele oppdraget. Tilbodsfristen for konkurransen er 17. november 2026. Kontraktane vil ha oppstart 1. juli 2027 og vare i eitt år, med mogleg forlenging i ytterlegare tre enkeltår.
Tilpassa primære utgivingsdagar og lokalnyheiter
Ordninga med statleg kjøp av avisdistribusjon til område utan kommersielle avisbodnett er tilpassa vekedagar med flest papirutgåver, og særleg lokalavisenes primære utgivingsdagar, som tysdag, torsdag og fredag.
– Kva som skjer nasjonalt og internasjonalt får brei dekning på tv, radio og avislesing i ulike format. Lokale hendingar blir derimot ikkje like godt dekt i andre medium enn i lokalavisene. Dei er viktige for demokratiet vårt. Dei lokale redaksjonane er tettast på sosiale, geografiske og politiske forhold i lokalsamfunna, og publiserer saker og avgjerder som elles ikkje ville blitt dekt. Derfor er det i første rekkje distribusjon av lokalavisene vi må sikre gjennom det statlege kjøpet, seier Gunaratnam.
Dagens ordning
Posten Bring har i dag kontraktar om avisdistribusjon på tysdag, torsdag og fredag, medan Aktiv Norgesdistribusjon har kontraktar for laurdagen. Laurdagskontraktane var lyst ut utan opsjonsmoglegheiter, og regjeringa har lenge signalisert at kjøp av laurdagsdistribusjon ikkje vil bli forlenga. Dette heng saman med at kjøpet er tilpassa lokalavisenes primære utgivingsdagar og laurdag er ikkje blant dei.
For fleire opplysningar – sjå:
- Konkurransegrunnlag sendt til kunngjering på Doffin (pdf)
- Pressemelding av 7. oktober 2026 frå Samferdselsdepartementet: Statsbudsjettet 2027: Foreslår ei postlevering som er tilpassa behova