Nye og enklare reglar for anskaffingar

– Dårlege offentlege innkjøp kostar både staten og næringslivet dyrt. Nå innfører vi enklare og betre reglar, seier næringsminister Monica Mæland.

Nytt regelverk om offentlege anskaffingar er i støypeskeia.Kongen i statsråd har i dag vedtatt endringar i dei nasjonale reglane for anskaffingar.

- Det offentlege kjøper inn for rundt 400 milliardar kroner årleg. Vi ønsker at så mange som mogleg forstår og kan delta i konkurransar om offentlege kontraktar, seier næringsminister Monica Mæland. 

Dei viktigaste forenklingane er:

  • Anskaffingar under 100 000 kroner blir unntatt frå anskaffingsregelverket.
  • Reglane om lukking og merking av tilbod blir oppheva.
  • Plikta til å krevje HMS-erklæring blir oppheva.
  • Grensa for å krevje skatteattest aukar frå 100 000 kroner til 500 000 kroner.

Dei særnorske reglane gjeld offentlege kontraktar under 1,55 millionar kroner for varer og tenester (1 million kroner for statlege myndigheiter og 39 millionar kroner for bygge- og anleggskontraktar).

Endringane trer i kraft 1. juli 2015.

Les også den kongelige resolusjonen:

Endring av forskrift om offentlige anskaffelser og forskrift om innkjøpsregler i forsyningssektorene

EU-reglar på høyring

I tillegg er nye EU-reglar om anskaffingar ute på høyring. Direktiva gjeld anskaffingar med høg verdi. Fristen for å gi innspel til Nærings- og fiskeridepartementet er 17. juni 2015.

– Eit samla nytt regelverk for anskaffingar skal vere på plass våren 2016. Nå set vi nokre av Forenklingsutvalets forslag ut i livet. Desse endringane er enkle grep som vil bidra til å gjere dei nasjonale anskaffingane smidigare og mindre rigide, seier Mæland.

Les Forenklingsutvalets forslag her.

Seriøsitet i arbeidslivet

Regjeringa ønsker meir målretta og effektive verkemiddel for å sikre seriøsitet i arbeidslivet.

Regjeringa har vedtatt at innkjøparar frå 1. juli 2015 skal kunne stille krav om lærlingordning, ikkje berre hos norske leverandører, men også utanlandske. Oppdragsgjevar må også krevje at det skal brukast lærlingar på den konkrete kontrakten. Dette er ei innskjerping samanlikna med dagens føresegn. Endringa trer i kraft 1. juli.

- Dette tiltaket er ei oppfølging av regjeringas strategi mot arbeidslivskriminalitet, som vi har utarbeidd i dialog med LO, NHO og dei andre partane i arbeidslivet. Eg vil i løpet av året komme til Stortinget med eit lovforslag. Vi ønsker å pålegge offentlege innkjøparar ei plikt til å krevje lærlingar i bransjar kor det er eit særleg behov for dette, seier Mæland.

Regjeringa vil i det same lovforslaget foreslå ein heimel om talet på ledd i konktraktskjeden. Dette inneber at innkjøparane må stille krav om at leverandørane set grenser for kor mange ledd det kan vere i kjeda av underleverandørar. Forslaget gjeld bransjar der det er særlege utfordringar med arbeidslivskriminalitet. Dette vil gjere det enklare å føre kontroll og å kommunisere med dei enkelte ledda i kjeda. 

Departementet jobbar vidare med Forenklingsutvalets forslag fram mot våren 2016.