Nye reglar mot vald og truslar i arbeidslivet

Arbeids- og sosialdepartementet har vedteke nye reglar om vald og truslar om vald i arbeidslivet.

Dei nye føresegnene stiller mellom anna 

  • krav om at verksemdene skal kartlegge kva risiko det er for at arbeidstakarane kan bli utsette for vald eller truslar,
  • at arbeidstakarane får naudsynt opplæring i førebuing og handtering av vald- og trusselsituasjonar,
  • at arbeidstakarane og deira tillitsvalde får naudsynt informasjon, m.a. om kva for rutinar som er sette i verk for å førebue, handtere og følge opp vald- og trusselsituasjonar,
  • at verksemdene gjennomfører dei tiltaka som må til, og at tilsette som blir utsette for vald og truslar blir følgde opp på ein god måte i etterkant. 

Dei nye føresegnene trer i kraft 1. januar 2017.

Du finn føresegnene om vald og truslar i arbeidslivet her (PDF)