Historisk arkiv

Nye reglar om erstatning for naturskadar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett ei ny forskrift som gir utfyllande reglar til naturskadeerstatnings-lova. Både lova og forskrifta trer i kraft 1. januar 2017. Samstundes vert det innført eit nytt system for sakshandsaming og ein eigen nettportal for søkarar av naturskadeerstatning. Landbruksdirektoratet skal forvalte ordninga.

– I snart 60 år har vi hatt ei statleg erstatningsordning for naturskade. Frå årsskiftet vil vi få ei ordning som inneber raskare saksgang, enklare reglar og mindre administrasjonskostnadar. I tillegg får vi ei ordning som er betre rusta til å handtere større naturulykker, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Forskrifta inneheld reglar mellom anna om krav til dokumentasjon, sakshandsaming og erstatning etter naturskadar. Innhaldet i dokumentasjonskrava for den skadelidne står sentralt. Det same gjeld den nye modellen for berekning av eigendel ved naturskade. 

Dagens ordning med taksering gjennom lensmannsskjøn fell bort når naturskadeerstatningslova trer i kraft. Den nye ordninga inneber at den skadelidne gjennom søknaden skal dokumentere at det er skjedd ein naturskade og kor store kostnadar som er nødvendige for å rette opp skaden. Landbruksdirektoratet er ansvarleg myndigheit og skal på bakgrunn av dokumentasjon frå den skadelidne fastsette erstatninga. I enkelte tilfelle kan Landbruksdirektoratet også innhente takst. Forskrifta stiller gradvis strengare krav til dokumentasjonen, avhengig av kor høgt beløp som ein søker erstatta. Den nye modellen for berekning av eigendel inneber at det vert trekt ein eigendel på 30 prosent for erstatning opp til 100 000 kroner, og ein eigendel på 15 prosent for den delen av erstatninga som eventuelt overstig 100 000 kroner. 

Frå 1. januar 2017 vert det og innført eit nytt system for sakshandsaming og ein egen nettportal for søknad om naturskadeerstatning som vil vere utvikla i tråd med dei nye reglane. Dette skal gjere det enkelt for den skadelidne og andre involverte å sende søknad og laste opp dokumentasjon om skadeomfanget og opprettingskostnaden. Den skadelidne vil få god rettleiing, slik at han på ein enkel måte får oversikt over kva som krevst av dokumentasjon i det særskilde skadetilfellet.

Flomskader.
Flomskader. Foto: Landbruks- og matdepartementet