Historisk arkiv

Nytt utval om reisegaranti

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa vil ha ein gjennomgang av dagens system med reisegaranti. Dette skal gjerast av eit ekspertutval som blir oppnemnt over nyttår.

Den som sel pakkereiser må stille reisegaranti. Reisegarantien skal mellom anna sikre at den reisande får tilbake pengane sine dersom arrangøren går konkurs før pakkereisa er levert. Kravet om å stille reisegaranti er nedfelt i EUs pakkereisedirektiv og gjeld alle arrangørar i EØS-området. Det er opp til kvart enkelt land å utforme det nasjonale reisegarantisystemet.

Både koronapandemien og konkursen i reiseselskapet Thomas Cook i 2019 har synleggjort at det kan oppstå situasjonar som reisegarantisystemet i dag ikkje tek høgde for. Det er reist spørsmål om den norske reisegarantiordninga er solid nok, samstundes som arrangørane meiner den er unødvendig dyr for dei.

Regjeringa vil derfor sette i gang ein heilskapleg gjennomgang av det norske reisegarantisystemet.

— Vi skal få utgreia om og korleis dagens reisegarantisystem bør endrast. Målet er å få fram ein robust modell for reisegaranti. Ein skal ta vare på interessene og rettane til forbrukarane etter pakkereisedirektivet, samstundes som ein ser på konsekvensane for dei næringsdrivande, seier forbrukarminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Utgreiinga skal gjennomførast av eit ekspertutval som vert oppnemnt av Barne -og familiedepartementet. Utvalet skal levere si utgreiing innan utgangen av oktober 2021.