Historisk arkiv

Offentlege verksemder skal vurdere skytenester

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

- I åra som kjem må både offentleg sektor og næringslivet i Noreg bli meir produktive. Skytenester kan bidra til kostnadseffektive og fleksible IKT-løysingar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Sanner la i dag fram ein nasjonal strategi for bruk av skytenester.

Skytenester er skalerbare tenester som blir leverte over nett. Typiske eksempel er tenester for lagring og databehandling, eller programvare levert over nett. Den viktigaste forskjellen frå meir tradisjonell tenesteutsetting er forretningsmodellen, der kundane berre betaler for den kapasiteten dei har brukt.

Regjeringa vil at offentlege verksemder skal vurdere skytenester som eit alternativ når dei skal skaffe IKT-tenester. Mange verksender har ønskt å ta i bruk skytenester, men har vore usikre på kva som er lov, eller om skytenester er sikre nok. Nasjonal strategi for bruk av skytenester skal avklare desse spørsmåla.

Sanner trur strategien blir spesielt nyttig for kommunane.                      

- Mange kommunar ser at ved å ta i bruk skytenester kan dei få rimelege IKT-løysingar, samtidig som dei får frigjort tilsette til meir strategisk viktige oppgåver, seier Sanner. Han understreker at samarbeidet med KS har vore viktig i arbeidet med strategien.

Difi får no i oppdrag å utvikle ressursar som kan rettleie offentlege verksemder når dei ønsker å kjøpe inn skytjenester. Regjeringa har òg sett i gang arbeid med å revidere arkivregelverket. Arkivlova er i dag den lova som stiller dei strengaste krava til lagring innanfor Noreg.

- Det er viktig at offentlege data blir lagra og behandla på ein sikker måte. Dette er ikkje eit hinder for bruk av skytenester, men det stiller nokre krav til dei tenestene ein vel. For personopplysningar er dette spesielt viktig, seier Sanner.

Dei viktigaste tiltaka i strategien:

  • Det skal etablerast eit rettleiings- og kompetansemiljø som kan støtte verksemdene når dei skal vurdere, og eventuelt kjøpe inn, skytenester.
  • Rettleiinga skal blant anna omfatte risikovurderingar og tryggleikstiltak i samband med bruk av skytenester
  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil undersøke og vurdere ulike modellar for ein mogleg marknadsplass/innkjøpsordning for skytenester retta mot offentleg sektor.
  • Arkivforskrifta og eventuelt delar av arkivlova vil bli revidert, blant anna for å tilpasse arkivregelverket betre til digitalisering. Som ein del av dette vil ein vurdere behov for endring slik at offentlege organ kan ta i bruk skytenester med serverar utanfor Noreg for arkiv.
  • Det vil bli gjort ei vurdering av grunnlaget og handlingsrommet for å utvide tilgangen til å lagre bokføringsdata utanfor Noreg. På dette området er det òg viktige initiativ i gang i EU, som Noreg vil følge tett
  • Ein vil søke å harmonisere praksis for tilsyn med skytenester så langt som mogleg, slik at verksemdene ikkje opplever at ulike tilsyn stiller motstridande krav
  • Noreg vil bidra i EU sitt arbeid med å få på plass sameinte kriterier (standardar, sertifiseringsordningar og liknande) for skytenester og harmonisere krav til lagring

I fjor kartla ei arbeidsgruppe dei viktigaste juridiske hindra for bruk av skytenester. Gruppa konkluderte med at dei viktigaste hindra finst i arkivlova og bokføringslova med forskrifter. Ein anna utfordring dei identifiserte er ulik praktisering av tilsyn med skytenester. Personopplysningslova er i utgangspunktet ikkje til hinder for bruk av skytenester, så lenge data blir lagra og behandla innanfor EØS-området, eller i tråd med ordningar som er godkjende av EU. Kommunane sin organisasjon KS har i tillegg kartlagd hindringar for bruk av skytenester i kommunane.