Omsetningsavgifter for 2026
Nyheit | Dato: 29.06.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Omsetningsavgifta for kornåret 2026-2027 og for mjølk og egg i 2. halvår 2026 vart den 25. juni fastsett av Landbruks- og matdepartementet.
Omsetningsavgifta for korn er ein maksimalsats som følgjer kornåret, med verknad frå 1. juli. Maksimalsatsen for omsetningsavgift på korn aukast frå 7,5 øre/kg for 2025/2026 til 11,5 øre/kg for kornåret 2026/2027 i samsvar med forslag frå Omsetningsrådet. Det er så tidleg i kornsesongen stor usikkerheit ved prognosane for avling og kvalitet. Maksimalsatsen må difor fastsettast så høgt at Omsetningsrådet har eit forsvarleg handlingsrom når dei seinare i kornåret skal sette satsane for korn innafor ramma av maksimalsatsen.
I samsvar med forslag frå Omsetningsrådet og Tine SA vert satsen for omsetningsavgift for mjølk vidareført med 10 øre per liter. For egg er satsen auka frå 80 til 90 øre per kg. Prognosane for eggmarknaden viser overproduksjon i løpet av 2026, og satsen må difor i tråd med tilrådingane frå Omsetningsrådet aukast for å dekke dei oppjusterte reguleringskostnadene.
– Marknadsreguleringa, der omsetningsavgifta er eit viktig grunnlag, er avgjerande for at me skal kunne ha ein best mogleg balanse mellom norsk produksjon og forbruk av jordbruksråvarer, seier Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Omsetningsavgifta er ei avgift som blir lagt på produsentane sin salsproduksjon og går inn i fondet for omsetningsavgift. Omsetningsrådet styrer bruken av fondet og set av midlar til å fremje omsetninga gjennom finansiering av marknadsregulering, faglege tiltak og opplysningsarbeid.