54 medaljar til norske ostar i Oste-VM 2026
Nyheit | Dato: 17.11.2026 | Landbruks- og matdepartementet
Verdas beste ost 2026 er ein fransk ost. Fleire norske ostar fekk gode utmerkingar i årets Oste-VM.
I alt var det 29 osteprodusentar frå Noreg som deltok. Tre av dei fekk tildelt super-gold. Dei norske ostane som fekk denne utmerkinga er Grusomme Blå og Hitra Blå frå Hitra Gårdsmat og Solglad frå Himmelspannet.
Heile tolv norske ostar fekk gull. Noreg har dei siste åra utmerkt seg Verdsmeisterskapen i Ost. Norske ystarar har utmerkt seg betydeleg i meisterskapen over fleire år.
– Norske ostar er kvalitetsprodukt laga med verdas finaste mjølk av dyktige handverkarar. At me gjer det så godt i verdsmeisterskapen, er absolutt fortent og eit resultat av godt lagarbeid frå mellom anna mjølkebønder og bedrifter. Det er eit stort tilbod å velje i blant norske ostar. Alle som et ost kan finne ein norsk ost dei likar. Eg vil takke alle dei norske ystarane for innsatsen, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Sigeren var det ein fransk ost som stakk av med. Comté frå Fromageries Arnaud vart kåra til verdas beste ost. Osten er ein fast ost laga av upasteurisert kumjølk frå Jura-fjella. I år var det 5330 ostar fra 45 land som var med i konkurransen.
Oste-VM i år vart halden i Córdoba i det sørlege Spania 12.-15. november. I 2025 vart meisterskapen halden i Bern i Sveits.
Oste-VM, eller World Cheese Awards, er det største arrangementet i verda som handlar om ost. Meisterskapen samlar om lag 4500 konkurrerande ostar kvart år.