Noreg med millionhjelp til matsikkerheit i Somalia

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har i dag gjesta Somalia og kunngjort millionhjelp til det tørke- og konfliktramma landet. Nye 25 millionar kroner vert løyvd i akutt tørkehjelp. Samstundes gir Noreg 300 millionar til hjelp på lang sikt gjennom Verdsbanken.

Somalia er rammet av den verste tørken på 40 år. Foto: Ane H. Lunde, UD
Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har på nært hold fått se et Somalia som er rammet av den verste tørken på 40 år. Foto: Ane H.Lunde, UD

– Vi må klare å gjere noko med dei enorme og akutte behova samstundes som vi tenkjer på korleis vi skal hindre at dette skjer igjen. I tillegg til at vi nå gir nye 25 millionar i humanitær støtte, signerer vi også ein avtale med Verdsbanken som særleg skal gå til godt styresett, klimatilpassing og langsiktig matsikkerheit, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim. 

– Til dømes er det ikkje berre naudsynt å køyre inn lastebilar med vatn, ein må også bore brønnar, seier Tvinnereim.

Somalia er ramma av den verste tørken på 40 år. Manglande nedbør i fleire regnsesongar har ført til at over 36 millionar menneske nå er ramma av tørke i delar av Etiopia, Kenya og Somalia.  

Høge matvarepriser som følgje av Russlands krig i Ukraina, gjer situasjonen endå verre.  

– Meir enn 20 millionar menneske på Afrikas horn har ikkje nok mat og treng hjelp nå. Dette talet stig raskt. Talet for Somalia aleine er på rundt 7,5 millionar. 

Den akutte naudhjelpa går til Det humanitære landfondet for Somalia (SHF), som vert forvalta av FNs kontor for koordinering av humanitær innsats, Ocha. 

– Desse pengane vil gå til å avhjelpe akutte humanitære behov i det tørkeramma landet , seier Tvinnereim 

SHF er ein viktig kanal for lokal humanitær innsats. Over 60 prosent av støtta frå fondet har gått direkte til lokale og nasjonale organisasjonar. 

– I dag har eg besøkt to flyktningleirar. Somalias kriser er et sted der «alt møtast». Flyktningane har måtta forlate heimen sin anten på grunn av tørke eller den valdelege konflikten i landet. Klimaendringane gjer situasjonen verre. På denne turen kan vi observere og vurdere resultata av det Norge gjer for å auke tryggleiken og sikre eit stabilt regime i landet, seier Tvinnereim.

– Vi får også henta viktig læring om bruk av ressursar og kva for ein effekt dette har, seier Tvinnereim. 

Somalia er på grunnlag av dette peika ut som ein av seks norske prioriterte partnarar for stabilisering og forebyggjing av konfliktar.

Tidlegare har Noreg gitt i underkant av 200  millionar kroner i humanitær støtte til Somalia i 2022. Dei viktigaste partnarane er FN, Raude Kross-bevegelsen og norske strategiske humanitære partnarar. 

Verdsbanken har vore den største enkeltkanalen for norsk langsiktig bistand til Somalia dei siste ti åra. Noreg har bidratt med 890 millionar kroner til bankens fleirgjevarfond sidan 2015, og er tredje største gjevar til fondet, etter EU og Storbritannia. 

Avtalen som nå vert skriven under med Verdsbanken for perioden 2022 til 2024 vil gå til å støtte godt styresett og utviklingsprosjekt, som tilgong til reint drikkevatn, elektrisitet, helse og utdanning.  

Prosjekta vil ha eit tydeleg fokus på klimatilpassing og matsikkerheit, og å handtere utfordringar knytta til urbaniseringa som no skyt fart som følgje av tørkekrisa.  

Fakta om Noregs humanitære støtte på Afrikas horn 

  • 382,5 millionar kroner (Somalia 197,3 millionar, Etiopia 147,6 millionar, Kenya 17,6 millionar og regionalt 20 millionar).
  • Støtta går gjennom FN, Somalia humanitære landfond (SHF), Raude Kross-rørsla, KN, Flyktninghjelpa og Redd Barna.  
  • 9,5 millionar kroner frå det humanitære budsjettet til transport, tilverking og distribusjon av korn frå Ukraina til Etiopia. I tillegg er det løyvd 50 millionar kroner til transport av korn frå Ukraina til Sudan og Jemen
  • Norge gir også omfattande ikkje-øyremerka og mjukt øyremerka støtte, mellom anna til Verdas matvareprogram WFP (1,4 milliardar) og 90 millionar kjernestøtte til FNs kontor for koordinering av humanitær innsats, Ocha, og 450 millionar til FNs naudhjelpsfond Cerf. Cerf har løyvd 41 millionar dollar til Somalia i år.
  • Noreg gir årleg nærare 600 millionar kroner kvart år til Somalia i humanitærhjelp og anna utviklingshjelp