Presseinvitasjon:

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøker Steinkjer og Levanger tysdag 25. februar

Vestre skal delta på Samhandlingskonferansen i Steinkjer og besøke Helseundersøkinga i Trøndelag og Røstad legesenter i Levanger.

Program:

11.00 – 12.45: Samhandlingskonferansen i Steinkjer
Adresse: Steinkjer kulturhus, Jakob Weidemanns gate 1, 7713 Steinkjer
Helse- og omsorgsministeren held innlegg om regjeringa si helsepolitikk og ambisjonar, og deltar i paneldebatt.

13.55 – 15.00: HUNT – Helseundersøkinga i Trøndelag
Adresse: Forskningsvegen 2, 7600 Levanger
Helse- og omsorgsministeren får omvising i biobank og møter tilsette ved HUNT.

15.10 – 16.00: Røstad legesenter
Adresse: Helge Ingstads veg 1, 7600 Levanger
Helse- og omsorgsministeren får omvising på Innherred helsehus og Røstad legesenter, og møter fastlegar, helsepersonell, medisinstudentar frå NTNU Levanger, avtalespesialistar og fysioterapeutar.

Pressa er velkomen til å delta. Journalistane som ønsker å vere med på eit eller fleire besøk, kan melde si interesse til kommunikasjonsrådgjevar Ingvild Wathne Johnsen, mobil 905 78 671.