Presseinvitasjon: Regjeringa inviterer til pridemottaking tysdag 23. juni
Pressemelding | Dato: 19.06.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
I samband med Oslo Pride inviterer regjeringa til ei pridemottaking i Parkveien i representasjonsbustaden til regjeringa. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery vil halde tale og er tilgjengeleg for pressa.
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre, justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen, forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland, næringsminister Cecilie Myrseth, fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss, utanriksminister Espen Barth Eide, utviklingsminister Åsmund Grøver Aukrust, digitaliserings- og forvaltingsminister Karianne Oldernes Tung og arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng vil òg vere til stades frå regjeringa.
Program
Kl. 16.15 Dørene opnar/registrering av gjester.
Kl. 17.00 Programstart i hovudsal i 2. etasje.
Kl. 17.02 Musikalsk innslag (hemmeleg artist)
Kl. 17.07 Velkommen ved kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Kl. 17.12 Tale ved leiar av FRI Stephen Adom
Kl. 17.17 Tale ved Enes Hocaoğulları fra ÜniKuir som fikk Kim Frieles minnepris for 2026
Kl. 17.22 Musikalsk innslag
Kl. 17.30 Mingling
Kl. 19.00 Slutt
Stad: Representasjonsbustaden til regjeringa, Parkveien 45, Oslo
Tid: Tysdag 23. juni, kl. 17:00–19:00. Dørene opnar 16.15 for gjestane.
Påmelding: Pressa bes melde seg på til kudinfo@kud.dep.no innan 22. juni kl. 1500.
Pressa bes komme mellom kl. 16.00–16.15 for registrering og sikkerheitssjekk. Inngang via Riddervoldsgate 2. Presse må ha med gyldig ID (pass, nasjonalt ID-kort eller fysisk førarkort).
Pressekontakt i Kultur- og likestillingsdepartementet: kudinfo@kud.dep.no eller pressetelefon 90231093.