Presseinvitasjon: Samferdselsminister Nygård til Bodø 22. november

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård skal måndag 22. november på reise til Bodø og Fauske. Pressa er velkomne til å vere med på delar av dagen.

Program:

09.45 – 11.00:

Møte med ordførar Ida Pinnerød i Rådhuset om større prosjekt, inkludert ny flyplass og avtalar for byutvikling.

 

11.30 – 12.00:

Besøk til Luftfartsmuseet (gamle flytårnet) – moglegheit for fotografering og intervju.

 

13.00 – 14.15:

Orientering om ny flyplass på Bodø lufthamn v/ konsernsjef Abraham Foss og Stine Ramstad Westby i Avinor og besøk til Remote Tower, det største fjernstyrte tårnsenteret i verda.

 

15.30 – 16.30:

Opning av ny godsterminal på jernbanen i Fauske

For fleire detaljar og påmelding – sjå eigen presseinvitasjon frå Bane Nor.

 

 

Pressekontaktar:

Kommunikasjonsrådgjevar Kjell Brataas, tlf: 45 29 97 12 | kjell.brataas@sd.dep.no

Politisk rådgjevar Jakob Vorren, tlf. 90 51 59 66

 

Vel møtt!