Samferdselsministeren inviterer til presentasjon av sårbarhetsanalyse av ekom-sektoren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Samferdselsdepartementet
Nyhet | Dato: 26.04.2016
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen inviterer media til ein presentasjon av rapporten EkomROS 2016 frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), torsdag 28. april kl. 09.30 i Samferdselsdepartementet.
Statsråden vil saman med Nkom-direktør Torstein Olsen legge fram ambisjonar, tanker og funn frå den første omfattande ROS-analysen Nkom har gjort av nokre av dei viktigaste elementa i ekom-Norge.
Senioringeniør Alexander Iversen og Torstein Olsen vil saman presentere arbeidet og funna i rapporten. Statsråden vil deretter få overlevert rapporten. Media er velkomne til å kommentera og stille spørsmål.
Adresse: Samferdselsdepartementet (Akersgata 59, Oslo)
Kontaktpersonar i Samferdselsdepartementet: Merete Bergeland Jebsen, tlf. 932 56 552, mbj@sd.dep.no
Kontaktpersonar i Nkom: avdelingsdirektør Einar Lunde, tlf. 480 06 811, elu@nkom.no
Senioringeniør Alexander Iversen, aiv@nkom.no, tlf. 922 85 202