Priv. til red./presseinvitasjon:

Pressekonferanse – Tilleggsnummer om asylsøkarar

Statsministerens kontor og Finansdepartementet inviterer til pressekonferanse om endringar i forslag til Statsbudsjettet 2016 den 30. oktober.

Som varsla i forslaget til Statsbudsjettet 2016 (Gul bok) vil Regjeringa leggje fram eit tilleggsnummer på grunn av den auka tilstrøyminga av asylsøkarar til Noreg. Statsminister Erna Solberg og finansminister Siv Jensen vil presentere Regjeringa sitt forslag.

Stad: Plenumssalen, Regjeringskvartalet. Inngang frå passasjen bak Høgblokka mellom Grubbegata og Møllergata.
Tid: Fredag 30. oktober kl. 12.00. Vi ber om oppmøte i god tid og seinast kl. 11.45.

Påmelding til presse@fin.dep.no innan torsdag 29. oktober kl. 15.00. Av omsyn til tryggleiken er det nødvendig med gyldig legitimasjon.

Nett-tv Nett-TV: Pressekonferanse - Tilleggsnummer om asylankomster

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her