Historisk arkiv

Pressekonferanse om koronasituasjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Erna Solberg inviterer til pressekonferanse om koronasituasjonen onsdag 12. mai kl. 18.00. Pressekonferansen vil mellom anna handle om vaksinasjonsstrategien.

Nett-tv Pressekonferanse om koronasituasjonen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Helse- og omsorgsminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og smitteverndirektør Geir Bukholm vil òg vere til stades på pressekonferansen.

Stad: Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.

Tid: Onsdag 12. mai kl. 18.00.

Påmelding til mo@smk.dep.no innan onsdag 12. mai kl. 14.00.

Me har avgrensa tal på plassar og ber kva redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Me kan ikkje garantere at alle får plass, og føreset at dei frammøtte følgjer helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be presse om å følgje pressekonferansen digitalt.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til smkinfo@smk.dep.no med teksten PK1205 i emnefeltet. Innsendingsfrist onsdag klokka 17.30. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 17.30. Ta med gyldig pressekort og ID. Munnbind er obligatorisk i Marmorhallen. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hos vaktene i resepsjonen. Berekn ekstra tid for sikkerheitskontroll av kamera og utstyr. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt.

Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Statsministerens kontor legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publisert på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode: <div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/k7fvkgpt/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren er kommunikasjonsrådgivar Nina Husom, telefon 91 39 56 08, e-post nina.husom@hod.dep.no.