Presseinvitasjon:

Pressekonferanse om revidert nasjonalbudsjett 2018

Finansminister Siv Jensen held pressekonferanse om revidert nasjonalbudsjett 2018 kl. 11.00 tysdag 15. mai.

Stad: Plenumssalen, R4.
Tid: Kl. 11.00-12.00. Dørene opnast kl. 10.45.

Budsjettdokumenta er tilgjengelege kl. 10.45 i Plenumssalen, R4. Nettstaden statsbudsjettet.no blir oppdatert samtidig med budsjettdokumenta, pressemeldingar og liste med stikkord om endringar i budsjettet.

Pressekonferansen blir også sendt på nett-TV.

Merk at Finansdepartementet sender ut ei pressemelding om nokre nøkkeltal til revidert nasjonalbudsjett 15. mai kl. 08.00.

Kontakt for pressa:
Kommunikasjonseininga, telefon 911 42 059, presse@fin.dep.no

Nett-tv Pressekonferanse om Revidert nasjonalbudsjett 2018

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her