Historisk arkiv

Ungdom gir råd om unge frivillige

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturminister Linda Hofstad Helleland mottok i dag ei liste med 11 råd og tiltak frå unge leiarar. Dei gav sine synspunkt på korleis ein skal få fleire unge til å ta del i frivillig arbeid.

Kulturministeren saman med ei gruppe unge frivillige som har gitt sine råd
Ståande frå venstre: Ina Pettersen Jevne, Lillehammer, Sebastian Henriksen, Tromsø, Sondre Sande Gullord, Gjøvik, Sajandan Rutthira, Oslo, Jens August Dalsegg, Lillehammer, Sara Stokken Rott, Bergen, Nikolai Medle Bjånesøy, Bergen, Asgeir Hustad, Molde Sitjande frå venstre: Runa Møller Tangstad, Brønnøysund, Guri Ramtoft, Telemark, Maya Sol, Bodø, Stine Granly, Gausdal Foto: Kulturdepartementet

- Eg ønskjer at fleire unge skal sjå verdien av å engasjere seg og bli med i frivillig aktivitet. For å få til dette må vi ha innspel frå andre unge. Arbeidet som rådet har gjort er viktig for å sjå korleis vi skal arbeide vidare med rekruttering av ungdom til frivillig arbeid

Råda og tiltaka statsråden fekk i dag er ein direkte arv etter Ungdoms-OL på Lillehammer.

Ubnder arrangementet i vinter var 57 prosent av dei frivillige under 30 år, og fleire enn 800 av desse igjen var yngre enn 20 år.

Norsk Tipping og Ungdoms-OL ønskja at desse erfaringane skulle inspirere andre lag og organisasjonar, og derfor blei ei gruppe med unge frivillige etablert. Mandatet var å sjå på råd og tiltak for å få fleire unge inn i frivillig verksemd og korleis få dei til å halde fram.

 Plakat frivilligråd.pdf