Regjeringa aukar korsatsinga

Regjeringa legg fram strategien "Fleirstemt. Strategi for korutvikling i Noreg".

Med strategien vil Kulturdepartementet synleggjere mangfaldet innan kor og ensemblesong i Noreg, og peike på utfordringar og satsingsområde for vidare utvikling av korfeltet.

Fleirstemt. Strategi for korutvikling i Noreg

- Under denne regjeringa har korfeltet fått eit politisk og økonomisk løft med satsingar både på profesjonelle og frivillige aktørar over heile landet. Tilskota til kor er nær tredobla frå 16 millionar kroner i 2013 til 44 millionar kroner i 2016. Satsinga omfattar både profesjonelle kor og amatørkor og song i skular og eldrebustader, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Korfeltet i Noreg spenner frå eit stort antall amatørkor rundt om i heile landet, til profesjonelle kor og vokalensemble med høgt utdanna songarar.  Over 100 000 nordmenn syng i kor. 

- Det finst kor på alle nivå i Noreg, og kora bidrar til å styrkje kulturlivet i regionane. Korsong skapar glede og inspirasjon gjennom heile livet, gir meining og samkjensle. Korfeltet er i rask endring, og blømer som aldri før, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Send epost til postmottak@kud.dep.no dersom du ønskjer å få tilsendt trykt versjon av strategien.