Regjeringa ber utval vurdere ny organisering av vass- og avløpssektoren
Nyheit | Dato: 06.11.2026 | Klima- og miljødepartementet
Det er eit stort etterslep på investeringar i reinsking og fornying av leidningsnett i vass- og avløpssektoren. Det svekker kommunane sin beredskap, bidrar til forureining og auka kostnader for innbyggarane. Regjeringa set no ned eit ekspertutval som skal sjå på korleis sektoren kan bli meir effektiv i framtida.
Vatn og avløp er sentral, samfunnskritisk infrastruktur. Reint vatn er ein føresetnad for liv, og fungerande avløpssystem er viktig for både helse og miljø.
– For dårleg vedlikehald over lang tid gjer sektoren sårbar. Det vil òg bli forsterka av klimaendringar i årene som kjem, seier klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Stort svinn
I gjennomsnitt lek rundt 30 prosent av reinska drikkevatn ut før det når hushaldningane. På avløpsnettet lek fremandvatn inn og gjer stor belastning på avløpsreinskeanlegga. Med nye krav og eit endra klima vil behovet for investeringar auke i årene som kjem.
– Vi må få opp tempoet i investeringar i vass- og avløpssektoren. Samtidig må vi sørge for at investeringane ikkje blir dyrare enn nødvendig for innbyggarane, seier Aasland.Vass- og avløpssektoren er gebyrfinansiert etter «forureinar betaler»-prinsippet. Det vil si at brukarane betaler for tenestene og for nødvendige investeringar i leidningsnett og reinsking. Kommunane har ansvaret for å planlegge og gjennomføre nødvendige investeringar i vass- og avløpssektoren, og det er positivt at fleire prosjekt er sett i gong og stilt ferdig dei siste åra. Det er viktig at denne innsatsten held fram, og staten vil fortsette stille krav i kommunane sitt arbeid med å redusere etterslepet og oppgradere infrastrukturen nøye.
Opp mot 500 milliardar kroner
Norsk Vann har berekna at behov for investeringar for vatn og avløp i perioden 2025–2045 ligg mellom 411 og 535 milliardar kroner. Omtrent halvparten er investeringar i leidningsnettet. Det er variasjon i etterslep og standard på landsbasis.
– Vi blir utruleg sårbare når vatn og avløp sviktar. I store delar av landet er det eit stort etterslep i fornyinga av vatn- og avløpssystema. Det aukar risikoen for hendingar som kan utgjere ein fare for både liv, helse og miljø, avsluttar klima- og miljøminister Sigrun Aasland.
Utvalets medlemer
Nils-Henrik Mørch von der Fehr (leiar)
Silje Jakola-Fjeld
Marianne Røtnes Kramer
Finn-Øyvind Langfjell
Tore Langset
Ingrid Nordbø
Hanne Haukerud Rolsdorph
Lena Schøning
- Mandat for ekspertutvalet for å vurdere alternative måtar å regulere vass- og avløpssektoren
- Utvalets heimeside
Fakta
- Regjeringa sett i dag ned eit ekspertutval som skal sjå på korleis dei kommunale vass- og avløpstenestene kan bli styrt og regulert på ein måte som sikrar nødvendige investeringar i sektoren.
- Utvalet skal bli leia av professor ved UiO, Nils-Henrik Mørch von der Fehr, og skal levere rapporten sin 1. desember 2027.
- Utvalet består av ekspertar frå heile landet med brei kompetanse og erfaring frå vass- og avløpsforvatning, kommunesektoren, regulering og samfunnsøkonomi.