Historisk arkiv

Regjeringa deler ut 34,5 millionar kroner til vidareutdanning i digital kompetanse

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

17 utdanningsinstitusjonar frå Fagskolen i Troms i nord til Universitetet i Agder i sør får pengar til å lage vidareutdanningstilbod i digital kompetanse i samarbeid med lokale verksemder. Universitetet i Bergen får mest.

– Den digitale utviklinga gjer at vi alle saman har behov for å oppdatere kunnskapen vår for å kunne henge med. Derfor bruker vi pengar på at fagskular, høgskular og universitet kan utvikle vidareutdanningstilbod saman med næringslivet, kommunar og andre verksemder. Tilboda skal vere tilpassa behovet i arbeidslivet og fleksible slik at tilsette kan kombinere tilbodet med jobb, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Dette er ein del av kompetansereforma til regjeringa

Med desse pengane blir det etablert tre utdanningstilbod på fagskular og 14 utdanningstilbod på universitet og høgskular. Dette er eitt av fleire tiltak under kompetansereforma Lære heile livet.

– Eit av dei viktigaste prosjekta til regjeringa er å gjere utdanning meir tilgjengeleg for folk. Då må vi utvikle fleire tilbod som lèt seg kombinere med jobb, bustadlån og familie. Derfor held vi no fram arbeidet med fleire skreddarsydde utdanningstilbod, ein Lånekasse som er tilpassa fleire enn førstegangsstudentar og fleire fleksible og desentraliserte tilbod, seier Asheim.

Før sommaren vil regjeringa òg legge fram ein strategi for desentralisert og fleksibel utdanning ved fagskular og universitet og høgskular.

Blant dei som får støtte er Fagskolen Innlandet. Dei får nesten to millionar kroner til utvikling av vidareutdanning om digitalisering og berekraft i samarbeid med Mapei AS, Blowtech AS, Lilleseth Kjetting AS og Høyskolesenteret i Kongsvinger.

Høgskulen på Vestlandet får nesten tre millionar kroner for å utvikle eit kurs saman med Ryfylke Interkommunale Selskap, Grieg Seafood Rogaland AS, Bremnes Seashore AS og Sterling White Halibut AS for tilsette i havbruksnæringa.

Sjå komplett liste over tilboda og kva private og offentlege verksemder som er med som partnarar nedst i saka.

Fakta om tildelinga

  • Det er Kompetanse Noreg som har fordelt pengane på oppdrag frå regjeringa.
  • Tilbod som styrkar digital kompetanse, IKT-trygging og kompetanse for det grøne skiftet er prioritert.
  • Det er universitet, statlege og private høgskular med offentleg støtte og offentlege og private fagskular med offentleg støtte som kan søke.Tilskotsordninga skal bidra til at det blir laga fleksible vidareutdanningstilbod for verksemder med behov for å utvikle kompetansen sin, betre tilgang til fleksible og arbeidsrelevante vidareutdanningstilbod for enkeltpersonar og auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidsliv om å utvikle vidareutdanningstilbod.