Regjeringa gratulerer vinnarane av Kavliprisen 2026
Pressemelding | Dato: 10.06.2026 | Kunnskapsdepartementet
Kavliprisen går i år til ti forskarar i Storbritannia, Nederland, Frankrike, USA og Tyskland. Dei blir hylla for banebrytande forsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen er på éin million dollar til kvart av dei tre fagområda, og blir delt mellom prisvinnarane.
– På vegner av regjeringa vil eg gratulere alle Kavliprisvinnarane! Takk vere det imponerande arbeidet deira forstår vi meir om korleis universet vårt blei forma, om korleis vi kan endre eigenskapane til nanomaterialar, og korleis hjernen vår kan lære så raskt. Denne forskinga vil føre til ny forståing, ny teknologi og nye behandlingsformer, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Det Norske Videnskaps-Akademi kunngjorde i dag prisvinnarane:
Kavliprisen i astrofysikk går til Vasily Belokurov, Amina Helmi og Rodrigo Ibata “for å ha avdekt dei fossile bevisa for fortidige fusjonar som bekreftar at galaksen Mjølkevegen er bygd opp gjennom hierarkisk akkresjon.” I fleire tiår har ein betrakta Mjølkevegen som ein stabil og vakker spiral. Oppdagingane har grunnleggande endra korleis vi oppfattar universet.
Kavliprisen i nanovitskap går til Eva Y. Andrei, Pablo Jarillo-Herrero og Allan H. MacDonald “for grunnleggande arbeid som etablerte feltet Twistronics.” Å rotere flate lag av nanomaterialet grafén til det som viste seg å vere den magiske vinkelen 1,1 grad, har vist seg å gi materialet uvanlege eigenskapar, for eksempel som superleiar. Ved hjelp av dette enkle prinsippet kan forskarane gi materiale nye eigenskapar utan å endre samansetjinga.
Kavliprisen i nevrovitskap går til Christine Holt, Kelsey Martin, Erin Schuman og Oswald Steward “for oppdaginga av lokal proteintranslasjon i nerveceller og for å ha etablert kor viktig dette er for utviklinga av og plastisiteten i hjernen.” Oppdaginga av at protein kan bli produserte akkurat der dei trengst i hjernen, gir håp om utvikling av nye behandlingsmetodar for eit stort spektrum av sjukdomstilstandar i hjernen.
Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation (USA) og Kunnskapsdepartementet.
– Eg ser fram til å ønske prisvinnarane velkommen til Noreg for å ta i mot Kavliprisen 1. september, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).