Regjeringa møter LHBT+-organisasjonar

Etter skytinga i Oslo i helga er det viktig for regjeringa at det skeive miljøet ikkje står aleine i kampen for at alle skal få leve eit fritt og trygt liv. Regjeringa har invitert ei rekkje LHBT+-organisasjonar til dialogmøte fredag 1. juli.

Fleire statsrådar vil møte det skeive miljøet, blant andre kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, barne- og familieminister Kjersti Toppe, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol, utanriksminister Anniken Huitfeldt, fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran.

Pressa er velkomne til å få kommentarar og snakke med møtedeltakarane rett etter møtet.

Tid: Fredag 1. juli kl. 11:00-ca. 1230. 
Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45.
Oppmøte for pressa: Møt opp kl. 12:00, det kan ta tid gjennom sikkerheitssjekken. Inngang via Riddervoldsgate 2, ha med pressekort og gyldig ID.
Vi ber pressa melde si interesse til kudinfo@kud.dep.no innan kl. 1100 fredag 1. juli.

Kultur- og likestillingsdepartementets pressetelefon: 90231093