Presseinvitasjon:
Regjeringa og partane i arbeidslivet inngår KI-avtale
Pressemelding | Dato: 25.09.2026 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre og digitaliserings- og forvaltningsminister Torgeir Micaelsen møter partane i arbeidslivet for å signere ein intensjonsavtale om ansvarleg innføring og bruk av kunstig intelligens i arbeidslivet. Dei vil vere tilgjengelege for presse i etterkant av signeringa.
Tid: Fredag 2. oktober kl. 09.00
Stad: Einar Gerhardsens plass 1 (A-blokka)
Presse som ønskjer å vere til stades, må melde seg på til presse@dfd.dep.no innan torsdag 1. oktober kl. 13.00. Akkreditert presse blir beden om å møte opp kl. 08.30 fredag 2. oktober og må ha med gyldig legitimasjon (ikkje bankkort).
Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post mlf@smk.dep.no.
Pressekontakt for digitaliserings- og forvaltningsministeren er kommunikasjonsrådgjevar Thomas Strandberg, telefon 90 66 02 19, e-post Thomas.Strandberg@dfd.dep.no.