Historisk arkiv

Regjeringa opprettar ni nye marine verneområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har i dag oppretta ni nye marine verneområde. Områda ligg i Nordland, Troms og Finnmark, Trøndelag og Vestland fylker. Med dette aukar talet på marine verneområde i Noreg frå seks til 15.

-  Noreg forvaltar store havområde med unike naturverdiar som det er viktig å ta vare på for framtida. Eg er særs glad for at vi no meir enn doblar talet på marine verneområde, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Lindåsosane
Uløpet av Lindsåsosane Foto: Magnus Johan Steinsvåg

Rotevatn besøker i dag Lygra i Alver kommune i Vestland for å markere opprettinga av Lurefjorden og Lindåsosane marine verneområde, som ligg i Alver og Austrheim kommunar. Fjorden merkjar seg mellom anna ut som ein tilfluktsstad for særeigne artar som var vanlege i Vestland under istida, men som elles har forsvunne på grunn av gradvis aukande vasstemperaturar. Lurefjorden og Lindåsosane inngår dessutan i Nordhordland Biosfæreområde, som vart godkjend som eit UNESCO Man and Biosphere område i juni 2019. Dette er eit initiativ som vart sett i verk av kommunane i regionen uavhengig av arbeidet med marint vern, men der det er eit krav om at biosfæreområdet skal byggjast på berekraftig utvikling kring eit eller fleire større, etablerte verneområde. Området står også på Riksantikvarens liste over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse og har her fått nemninga "Indre farleia".

Les pressemelding frå fylkesmannen i Vestland her.

Dei andre områda som blei verna i dag er:

Her er kart over de nye verneområdene.

Områda famnar ei stor spennvidde av norsk kystnatur, der både fjordar og ytre kystområde er representert. I Skarnsundet finst det kaldtvannskorallar av nasjonal og internasjonal verdi. Rystraumen er ein sterk tidevasstraum som gir eit særeigent plante- og dyreliv. Alle områda er viktige for forsking og overvaking av miljøtilstanda.

-  Når desse områda no blir marine verneområde, tar vi særleg vare på både naturmangfald og stor biologisk produksjon. Ved at nokre område er meir beskytta mot påverknader, blir dei også meir robuste mot verknader av klimaendringar, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Regjeringa har eit mål om at eit representativt utval av havområda skal vernast for framtida. Vern av områda er også norske bidrag til å oppfylle målsetjingane i internasjonale konvensjonar og avtalar Noreg er part i. FN sitt bærekraftsmål 14 om liv under vatn har som ambisjon å bevare og bruke hav- og marine ressursar på ein berekraftig måte. Under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) er det eit felles mål å sikre eit effektivt og representativt vern av 10 % av kyst- og havområde innan 2020.

Tilrådinga frå Rådgivende utval for marin verneplan (nedsett av daverande Miljøverndepartementet, i samråd med daverande Fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet) frå 2004 dannar det sentrale faglege grunnlaget for arbeidet. Utvalet tilrådde vern av 36 område som til saman representerte eit godt og balansert utval av undersjøisk natur. Med dei nye marine verneområda er til saman 16 av desse områda verna (15 som marine verneområde, og eitt inngår i Raet nasjonalpark).