Historisk arkiv

Regjeringa skjerpar krava til tunge køyretøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Fjorårets vinter var prega av alvorlege ulukker og fastkøyringar. Difor innfører vi no strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy, samt auka gebyrsatsar for brot på krava til vinterutrusting. Samstundes styrkjer vi kontrollverksemda i Statens vegvesen med 20 millionar kroner, slik at vi får enda fleire kontrollar i vinterperioden. Dette er viktige tiltak i arbeidet for auka tryggleik og framkome på norske vintervegar. Farlege vogntog skal bort frå norske vinterveger, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Krava til vinterdekk som no blir innførd går ut på at det berre er dekk merka med "alpesymbolet" som er godkjent på drivande og styrande akslar på tunge køyretøy. Desse dekka har vist seg å ha betre akselerasjonsevne på vinterføre, og vil difor bidra til betre framkome.

Først i verda med innføring av nye vinterdekk
Krava innførast med ein overgangsperiode på eitt år, slik at næringa gis tid til omstilling. Tyskland og Sverige har innførd same krav, men med ein vesentleg lengre overgangsperiode, fram til 2024.

– Vi ønskte ei skjerping etter same mønster som i Tyskland og Sverige, men av omsyn til trafikktryggleiken var det viktig for regjeringa å gå eit steg lenger. Vi blir først i verda når krava innførast med verknad allereie frå 15. november 2020, seier Dale.

Regjeringa har gjort ei rekkje tiltak ovanfor tunge køyretøy for å betre trafikktryggleiken på norske vintervegar. I 2013 blei det innført eit påbod om vinterdekk for tungbil over 3500 kg med unntak av løfteakslar. I 2014 blei påbodet utvida, med påbod om vinterdekk på alle akslar.

Auka gebyrsats for brot på krava til vinterutrusting
Gebyra for brot på krava til dekk- og kjettingutrusting blir auka, og vil i større grad rette seg mot tyngre køyretøy, som har dei største utfordringane på vinterføret. Med dei nye endringane vil ein få eit gebyr for kvart brot ein har gjort, ikkje berre for eit av dei.

– Vi vil sikre at gebyrsatsane har ein førebyggande effekt. Reaksjonane ved brot må få reelle konsekvensar for dei som ikkje følgjer krava. Slik det har vore fram til no har ein til dømes berre fått eitt gebyr sjølv om ein manglar fem kjettingar, no vil ein få fem, seier Dale.

Auka kontroll av tunge køyretøy i vinterperioden
For å sikre at krav til vinterutrusting blir etterlevd, må det kontrollerast ofte langs vegen og ved grenseovergangane. Kontroll av tunge køyretøy har hatt auka prioritet dei siste åra.

– Fleire kontrollar er viktig i vårt arbeid med å få farlege vogntog bort frå norske vintervegar. Difor vil regjeringa styrkje kontrollverksemda ytterligare i Statens vegvesen med 20 millionar kroner, seier Dale.

For fleire opplysningar - sjå: