– I Noreg står ytringsfridomen sterkt, og det er ein grunnleggande norsk demokratisk verdi vi skal forsvare. Når vi no ser utviklinga i trugslar, hets og oppmoding til vald i kommentarfelt og i samfunnet må vi sjå på kva vi kan gjere for at alle kan delta i debatten og demokratiet vårt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Ei undersøking frå Politihøgskulen om hets og trugslar mot politikarar frå 2025 viser at eit stort fleirtal av rikspolitikarar har vore utsette for trakassering og trugslar. KS melder at mange politikarar vurderer å slutte på grunn av hets. Dette er særleg alvorleg når dette rammar lokale folkevalde og unge.

I Fritt Ord sitt monitorprosjekt om status for ytringsfridomen i Norge 2025-2026 svarar 39 prosent av unge at dei har vore utsette for ubehagelege eller nedlatande kommentarar etter å ha ytra seg. 17 prosent har vore utsette for trugslar.

– Slike hatytringar kan gjere at folk vegrar seg for å bruke ytringsfridomen sin, og bidra til å legitimere og normalisere uakseptable måtar å snakke om andre medmenneske på. Det har konsekvensar for både den enkelte og samfunnet, held Jaffery fram.

Det er gjort fleire tiltak av ulike departement tidlegare mot hatytringar, hatkriminalitet og hets. Med denne strategien vil regjeringa no sjå på all innsatsen i samanheng.

– Vi kan aldri vedta oss fri for hat og trugslar. Dette er eit arbeid som må gjerast på skulen og arbeidsplassen, fritidsarenaer, sosiale medium og rundt middagsbordet heime. Det er eit felles ansvar, seier Jaffery.

Strategien vil bli lagt fram i 2027, men eit tiltak som kjem allereie no er 4 millionar kroner til bibliotek som skaper fysiske møteplassar for unge og aukar forståinga deira for demokratiske verdiar, som likestilling, ytringsfridom og medborgarskap. Midlane vert forvalta av Nasjonalbiblioteket.

– I ei tid kor våre barn veks opp i eit debattklima påverka av algoritmar styrt av big tech, ønsker Arbeidarparti-regjeringa å skape fleire arenaer der unge trygt kan dele meiningane sine, avsluttar Jaffery.