Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa styrker kunstnarstipenda med 100 millionar kroner

Regjeringa ønsker å oppretthalde kunstnarleg produksjon og aktivitet for å kunne sikre eit variert kunst- og kulturtilbod til publikum over heile landet.

– Koronasituasjonen har hatt store konsekvensar for kunstnarane sitt virke, og eg veit at arbeidsstipenda er viktige for utviklinga av kunstnarskap. Gjennom denne auken legg vi tilrette for meir føreseielege arbeidsvilkår for kunstnarane, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

I samband med pandemien vart det i revidert nasjonalbudsjett 2020 sett av 100 millionar kroner til to mellombelse ordningar for utøvande og skapande kunstnarar.

I budsjettet for 2021 foreslår regjeringa å vidareføre tiltak for å oppretthalde kunstnarisk produksjon og aktivitet i samband med koronasituasjonen. Kunstnarstipenda blir styrkt med 100 millionar kroner til arbeidsstipend, noko som inneber 309 mellombelse heimlar til ordninga.

– Dette er med på å sikre eit fritt og uavhengig kulturliv, og eg er glad for å kunne vidareføre satsinga på kunstnarane i det som er ein vanskeleg situasjon, seier Raja. 

Storleiken på alle dei ordinære kunstnarstipenda blir auka frå 276 805 kroner til 283 210 kroner. Det er også foreslått 4 nye varige arbeidsstipendheimlar, slik at det totalt vil vere 845 ordinære arbeidsstipendheimlar i 2021 og 490 langvarige stipendheimlar.