– Forbrukarvernet må følge utviklinga i samfunnet. Når marknadsføring, handel og teknologi endrar seg, må òg politikken gjere det. Arbeiderparti-regjeringa peikar no ut ei ny retning for forbrukarpolitikken, for at han skal vera tilpassa dagens handlemønster og forbrukarsituasjonar og ein meir kompleks digital kvardag, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.

I dag møter vi som forbrukarar utfordringar som var langt mindre aktuelle då mykje av forbrukarvernet vart utvikla. Målretta reklame, kunstig intelligens, digitale plattformer, svindel og netthandel på tvers av landegrenser gjer det vanskelegare å vite kven som har ansvar når noko går gale. Barn og unge er særleg sårbare for påverking på nett.

Betre beskyttelse i digitale marknader

Netthandelen har vakse kraftig dei siste åra, og stadig fleire varer blir kjøpte frå nettbutikkar og digitale plattformar utanfor Noreg og EU. Det gir forbrukarar tilgang på eit stort utval av varer til låge prisar, men fører også med seg utfordringar. Produkt som blir selde til norske forbrukarar kan være i strid med europiske krav til tryggleik og miljø.

Forbrukaragenda 2030 peikar ut retninga for forbrukarpolitikken til regjeringa fram mot 2030. Målet er ein tryggare forbrukarkvardag, enklare berekraftige val og marknader som fungerer betre for både forbrukarar og seriøse verksemder.

– Regjeringa vil mellom anna styrke vernet av barn på nett, trappe opp innsatsen mot digital svindel, stille strengare krav til miljøpåstandar i marknadsføring og gjere det lettare å halde digitale plattformer ansvarlege. Vi må flytte meir ansvar over på dei profesjonelle aktørane i marknaden. Forbrukarane skal ikkje stå aleine i møte med stadig meir avansert teknologi og marknadsføring, seier Vågslid.

Europeisk samarbeid for sterkare forbrukarvern

Mange av utfordringane er grenseoverskridande. Derfor er samarbeid med EU og EØS-landa avgjerande for å sikre eit sterkt forbrukarvern også i framtida. Regjeringa vil bidra aktivt i utviklinga og gjennomføringa av europeisk regelverk for digitale tenester, digitale marknader og kunstig intelligens.

– Skal vi verne forbrukarane i møte med globale plattformer og digitale marknader, må vi samarbeide med andre europeiske land. Eit sterkt europeisk forbrukarvern er også viktig for norske forbrukarar, seier Vågslid.