Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regjeringa vil vedta forbod mot bruk av mineralolje til byggvarme på byggjeplassar frå 2022.

Eit forbod inneber at bruk av mineralolje til mellombels oppvarming og tørking av bygningar under oppføring og rehabilitering blir forbode frå 2022. Forbodet vil bidra til å redusere klimagassutslepp frå byggjeplassar.

Høyringa av forbodet viste at det er gode fornybare alternativ tilgjengelig og at næringa er moden for å ta ytterlegare steg mot fossilfrie byggjeplassar.

-Det er svært gledelig å sjå at majoriteten av høyringsinstansane er positive til eit forbod. Eit forbod frå 2022 vil bidra til å redusere utslepp frå byggjeplassane og drive fram dei gode grøne løysingane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Regjeringa hadde i haust på høyring eit forslag om å utvide forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar til å også gjelde byggvarme. Forbodet er forventa å redusere utsleppa med om lag 80 000 tonn i året i perioden fram til 2030. Forbodet kan også ha andre gunstige effektar, som redusert luftforureining i byane og på byggjeplassane.

For å gi næringa og marknaden tid til å omstille seg vil ikkje forbodet tre i kraft før 1. januar 2022. Det finst allereie fleire fornybare alternativ til mineralolje, til dømes fjernvarme, elektrisitet eller biobrensler. Fram mot 2022 forventar vi ei  ei positivutvikling i marknaden for fornybare energiløysingar, særlig som følgje av oljefyrforbodet som trådde i kraft i 2020 .

-Regjeringa har som mål å gjere byggje- og anleggssektoren fossilfri innan 2025. Forbodet er eit viktig steg på vegen, seier Rotevatn.

Før forbodet formelt kan bli vedteke, må det notifiserast til EFTAs overvakingsorgan i tråd med EØS-høyringslova. Det er vanleg prosedyre med regelverk som kan føre med seg handelsrestriksjonar. Notifiseringa inneber at forbodet ikkje kan bli vedteke før etter ein periode på tre månader frå dagen forbodet blei notifisert. Forbodet blei notifisert til ESA i midten av mai.

Til toppen