Rekordmange norskspråklege tidsskrift får støtte
Pressemelding | Dato: 21.10.2026 | Kunnskapsdepartementet
49 norskspråklege vitskaplege tidsskrift får no støtte frå staten for dei neste fire åra. Det er det høgste talet nokon gong.
– No blir endå meir viktig, norsk forsking tilgjengeleg og gratis for alle. Dette bidreg til openheit, kunnskapsdeling og tillit til norsk forsking. I tillegg bidreg ordninga til å styrke norsk som fagspråk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).
Regjeringa ønsker å gjere norsk forsking meir tilgjengeleg, både i og utanfor akademia. Støtteordninga for opne, norskspråklege tidsskrift er frå og med utlysinga for perioden 2027–2030 utvida til å gjelde medisin og helsefag, realfag og teknologi, i tillegg til humaniora og samfunnsvitskap. Ordninga har også blitt utvida frå tre til fire år.
Målet er både å sikre publisering på norsk av høg kvalitet, og å støtte tidsskrift som ikkje sjølve kan dekke kostnadene ved open publisering. Slik kan forsking finansiert av fellesskapet bli gratis tilgjengeleg for alle.
I statsbudsjettet for 2027 foreslår regjeringa å styrke ordninga med 3,5 millionar kroner, til totalt 15,5 millionar kroner årleg. Tidsskrifta kan søke om inntil 550 000 kroner i årleg tilskot.
Mange søkarar
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar ordninga. I perioden 2024–2026 har 42 tidsskrift fått støtte. For perioden 2027–2030 er det 49 tidsskrift som får støtte. Det var 73 tidsskrift som søkte i år.
– Det er ny rekord, med over 20 prosent fleire søknader enn i førre runde. Det viser at behovet for ordninga er stort og aukande, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.
|
Tidsskrift |
|
1. Internasjonal Politikk - Skandinavisk tidsskrift for internasjonale studier |
|
2. Edda - Nordisk tidsskrift for litteraturforskning |
|
3. Historisk tidsskrift |
|
4. Tidsskrift for Norsk psykologforening |
|
5. Kunst og kultur |
|
6. Norsk medietidsskrift |
|
7. NLT – Norsk Lingvistisk Tidsskrift |
|
8. Norsk antropologisk tidsskrift |
|
9. Norsk sosiologisk tidsskrift |
|
10. Tidsskrift for samfunnsforskning |
|
11. Norsk statsvitenskapelig tidsskrift |
|
12. Inspira – tidsskrift for anestesi-, operasjon- og intensivsykepleiere |
|
13. Norsk pedagogisk tidsskrift |
|
14. Kritisk Juss |
|
15. Suicidologi |
|
16. Kart og Plan |
|
17. Klassisk forum |
|
18. Viking |
|
19. Tidsskrift for kjønnsforskning |
|
20. Norsk litteraturvitenskapelig tidsskrift |
|
21. Arbeiderhistorie |
|
22. Acta Didactica Norden |
|
23. Heimen: Tidsskrift for lokal og regional historie |
|
24. Mediehistorisk tidsskrift |
|
25. Tidsskrift for velferdsforskning |
|
26. Nordisk tidsskrift for pedagogikk og kritikk |
|
27. Maal og Minne |
|
28. Uniped – Tidsskrift for universitets- og høgskolepedagogikk |
|
29. Tidsskrift for psykisk helsearbeid |
|
30. Samfunnsøkonomen |
|
31. Michael |
|
32. Norsk filosofisk tidsskrift |
|
33. DIN Tidsskrift for religion og kultur |
|
34. Barnelitterært forskningstidsskrift |
|
35. Skriftkultur |
|
36. Tidsskrift for kulturforskning |
|
37. Tidsskrift for praktisk teologi |
|
38. Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis |
|
39. Nordisk Museologi |
|
40. Nordand: Nordisk tidsskrift for andrespråksforskning |
|
41. Sámi dieđalaš áigečála |
|
42. Teatervitenskapelige studier |
|
43. NOA norsk som andrespråk |
|
44. Teologisk tidsskrift |
|
45. Nordic Journal of Literacy Research |
|
46. Nordisk barnehageforskning |
|
47. Collegium Medievale |
|
48. Prismet religionspedagogisk tidsskrift |
|
49. Namn og nemne |