Bakgrunnen for konseptvalutgreiinga (KVU) er at ein vesentleg auke i talet på persontogreiser dei siste åra har bidratt til at Kongsvingerbanen har blitt overbelasta. Prognoser tilseier at auken skal halde fram i åra framover.

 

Konsept og tilrådingar

Jernbanedirektoratet har i konseptvalutgreiinga analysert ulike konsept for eit transporttilbod som dekkjer samfunnets etterspurnad etter person- og godstrafikk mellom Lillestrøm og riksgrensa:

  • K1 Buss som supplement til tog – auka kollektivtransportkapasitet ved bruk av buss som supplement til togtilbodet på Kongsvingerbanen.
  • K2.3 Auka ombordkapasitet (person- og godstog) – bruk av nye tog med høgare ombordkapasitet for persontrafikken, og bruk av lengre tog/fleire vogner for godstrafikken.
  • K3.4 Optimalisere trafikk og infrastruktur – høgare frekvens heile driftsdøgnet og dobbeltspor Lillestrøm-Kongsvinger.
  • K5.1 Auka kapasitet med reduksjon av reisetid – innkorting av strekninga Lillestrøm-Sørumsand (ny bane).

Jernbanedirektoratet tilrår å leggje alternativet om auka ombordkapasitet til grunn for vidare utvikling av Kongsvingerbanen på kort og mellomlang sikt, i kombinasjon med alternativet om buss som supplement til tog. På lang sikt tilrår direktoratet å byggje ny bane mellom Lillestrøm og Sørumsand. Når det gjeld togtilbodet mellom Oslo og Stockholm, tilrår direktoratet å sjå vidare på dette i eit eiga utgreiingsarbeid.  

 

Vidare framdrift

Konseptvalutgreiinga om Kongsvingerbanen skal gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS1). Dette vil utgjere grunnlaget for regjeringas konklusjon om vidare utvikling av strekninga Lillestrøm-riksgrensa.

For fleire opplysningar – sjå: