Historisk arkiv

Arbeidet med ny Nasjonal transportplan 2022-2033:

Samferdselsministeren har fått innspel frå etatar og verksemder: Slik er det mogleg å få meir samferdsel for pengane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Regjeringa har ein svært ambisiøs Nasjonal transportplan (NTP) og framover skal vi bygge ut og vedlikehalde infrastrukturen som aldri før. For å få gjort alt vi har planar om og meir til i neste Nasjonal transportplan, må vi ha betre kontroll på kostnadane og sørge for at vi får mest mogleg ut av kvar samferdselskrone. Eg har difor bedt etatar og verksemder kna alle prosjekta sine i NTP, for å sjå kva moglegheiter vi har for å bygge smartare og meir kostnadseffektivt.

Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale i samband med at Statens vegvesen, Nye Veier, Jernbanedirektoratet, Kystverket og Avinor i dag leverer sine svar på det første oppdraget frå Samferdselsdepartementet om faglege innspel til ny Nasjonal transportplan – Oppdrag 1: Meir for pengane.

- Innspela eg får i dag blir viktig i arbeidet med ny Nasjonal transportplan som skal gjelde i perioden 2022-2033. Mens førre regjering var oppteken av å bruke mest mogleg pengar, men ikkje av om prosjekta faktisk blei bygd, har denne regjeringa fokus på å faktisk få bygd dei prosjekta som er naudsynt for å få på plass større bu- og arbeidsmarknadsregionar og redusert reisetid for næringslivet,  seier samferdselsministeren.

Han understrekar at med erfaringane vi har med at  kostnadane i samferdselsprosjekt aukar med opp til 40 prosent frå NTP til dei er byggeklare, er det openbart at vi må sjå på korleis kostnadane i prosjekta kan reduserast.

- Nye Veier har allereie vist at det er mogleg å redusere kostnader og auke samfunnsnytten i store vegprosjekt ved å gå kritisk gjennom prosjekta med tanke på ressursbruk. No har eg bedt alle etatar og verksemder om å gjere det same. Svara eg får i dag, er ikkje fasiten, men gir oss eit bilete av kva for moglegheiter som finst når vi no skal jobbe fram ein ny, god Nasjonal transportplan, seier samferdselsministeren.

Nasjonal transportplan er ein 12-årsplan for norsk transportpolitikk, som rullerast kvart fjerde år. Nasjonal transportplan 2018-2029 blei lagt fram våren 2017. Regjeringa tek sikte på å legge fram den nye planen, Nasjonal transportplan 2022-2033, våren 2021. Sjå meir om arbeidet her.

Les svara

Svara på oppdraget vert lagt ut her