Samferdselsministeren til Bergen tysdag 8. mars

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård skal mellom anna møte kvinnelege lokførarar på kvinnedagen, synfare Haukeland stasjon, Ulriken tunnel og få orientering om Arna–Stanghelle og Ringveg Øst. Pressa er invitert til å delta.

Program:

Kl. 10:45: Synfaring av Haukeland stasjon og orientering om Bybanen i Bergen. Statsråden skal få sjå arbeidet og kome ned i anlegget.
Oppmøtestad: Haukelandsbakken 2
NB: Påmelding for pressa innan måndag 7. mars kl. 12.00, grunna bruk av verneutstyr.

Kl. 12:30: Møte to kvinnelege lokførarar som ein del av satsinga «Jenter i jernbanen». Statsråden får høyre om deira arbeidskvardag og får ein omvisning i loket.
Stad: Jernbanestasjonen i Bergen

Kl. 13:30: Synfaring av Ulriken tunnel. Status og vidare arbeid.
Oppmøtestad: Kontoret til Bane NOR i Ådnavegen 56.
NB: Påmelding for pressa innan måndag 7. mars kl. 12.00, grunna bruk av verneutstyr.

Kl. 15:00: Orientering om utbygginga av E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle. Status og vidare arbeid.
Stad: På parkeringsplassen utanfor Ådnavegen 56, ved Arna stasjon

Kl: 16:15: Orientering om Ringveg Øst.
Stad: Interesserte journalistar kan ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen om dei ønsker å delta.

Kontaktperson for turen er kommunikasjonsrådgjevar Henrik Jonassen: 976 28 091 / hj@sd.dep.no