Samferdselsministeren til EU-ministermøte i Stockholm – ønskjer strengare utsleppskrav for tungtransport

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Skal vi redusere klimagassutsleppa, er godt samarbeid mellom europeiske land særleg viktig. I samferdselssektoren er potensialet for klimakutt størst i vegtrafikken. Vi er difor positive til at EU no òg tar initiativ til å gjere tungtransporten grøn. Men det er naudsynt med høgare fart i klimakampen. Vi er i verdstoppen i bruk av elbil, og har sjølvsagt høge ambisjonar når det klimavennleg tungtrafikk også, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsminister Nygård skal 27. og 28. februar delta på EUs uoffisielle ministermøte i Stockholm.

Vil ta til orde for strengare krav enn Europakommisjonen foreslår
På programmet står mellom anna strengare utsleppskrav frå vegtransporten. Tidlegare har EU innført regelverk som i praksis betyr at ingen nye person- og varebilar med forbrenningsmotorar kjem til å bli kjøpt etter 2035. Europakommisjonen presenterte 14. februar i år eit nytt framlegg om CO2-standardarer for tunge køyretøy. Framlegget går mellom anna ut på at alle bybussar skal bruke nullutsleppsteknologi frå 2030, medan klimagassutsleppa frå tunge køyretøy skal vere redusert med 90 prosent frå 2040 samanlikna med 1990-nivået.

– Eg er positiv til at EU går inn for at alle nye bilar og bybussar i Europa skal vere utsleppsfrie om drygt ti år. Men framlegget om 90 prosent utslseppsreduksjon for tungtransporten frå 2040 er ikkje offensivt nok for oss. Eg vil ta til orde for at alle nye tunge køyretøy som regelverket gjeld, skal være nullutsleppskøyretøy seinast frå 2040. Det er etter mi meining naudsynt for å nå målet om klimanøytralitet i 2050, seier samferdselsministeren.

Som delmål har Europakommisjonen foreslått å redusere klimagassutsleppa frå tungtransport med 45 prosent frå 2030 samanlikna med 1990-nivået. Samferdselsminister Nygård vil på ministermøtet ta til orde for å auke reduksjonen – til 50 prosent i 2030.  

Programmet i Stockholm
I løpet av dei to dagane i Stockholm skal Nygård delta på følgjande programpostar:

Måndag 27. februar
Kl. 11.30-13.45: Future transport policy for a competitive and climate neutral Europe  

Kl. 15.15-17.50: Energy and transport policies for an accellerated transsition of the transport sector beyond 2030 (i lag med energiministrane)

Tysdag 28. februar
Kl. 09.30-11.00: Implementing fit for 55: Taking stock and sharing best practises

Kl. 12.45-14.45: Studiebesøk med testkøyring av elektriske bussar og lastebilar

Dei tre første programpostane går av stabelen i Scandinavian XPO, medan studiebesøket blir arrangert i Trosta Park. 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen, mobil: 90511667, e-post: edvard.andersen@sd.dep.no

For fleire opplysningar om EUs uoffisielle transportministermøte i Stockholm – sjå: