Historisk arkiv

Samferdselsministeren til Innlandet og Vestland 23.-24. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Knut Arild Hareide skal mellom anna på vegopning på E16 Filefjell, signere byvekstavtale med Bergensområdet og delta på folkemøte om E16 Bergen-Voss. Presse er invitert til alle delar av programmet, men må av smittevernomsyn melde seg på.

Program

Onsdag 23. september

Kl. 10.00: Overrekke sykkel til ein av vinnarane av teikne- og skrivekonkurranse om ny Nasjonal transportplan. Vinnaren går på Bøverbru skule i Vestre Toten kommune, og utdelinga skjer på skulen.
Sted: Bøverbru skule

Kl. 13.30: Vegopning E16 Filefjell. Statens vegvesen har sendt ut invitasjonar og tek påmelding.

Torsdag 24. september

Kl. 09.00: Transport- og logistikkdagen. Samferdselsministeren deltek på konferansen; held eitt innlegg og er med i ein debatt.
Sted: Grand Bergen

Kl. 10.00: Signering av byvekstavtale med Bergensområdet. Samferdselsministeren, dei lokale og statlege aktørane deltek på signeringa. Statsråden får òg ein bysykkel oppkalla etter seg.
Sted: Media City Bergen

Kl. 14.30: Folkemøte om E16 Bergen-Voss.
Sted: Scandic Hotel på Voss.

Påmelding

Presse er invitert til delta på alle delar av programmet, men må melde seg på. Send mail til sdinfo@sd.dep.no med "Påmelding" i emnefeltet. Skriv kva for eit arrangement du meld deg på til.

Pressekontaktar for turen:
Henrik Jonassen: 976 28 091 / henrik.jonassen@sd.dep.no
Kjell Brataas: 452 99 712 / kjell.brataas@sd.dep.no