Regjeringa har i dag bestemt at Noreg skal slutte seg til EUs yttergrensefond. Fondet skal sikre ein einsarta og tilstrekkeleg kontroll av Schengens yttergrenser og ei effektiv handtering av migrasjonsstraumar. 

– Auka kvalitet på visumutsferding og yttergrensekontroll også i andre Schengen-statar vil vere positivt for Noreg, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. 

Yttergrensefondet sørgjer for at byrda med å kontrollere dei ytre grensene og handtere migrasjonsstraumane blir solidarisk fordelt mellom deltakarstatane i Schengen-samarbeidet. 

– Prinsippet om byrdefordeling mellom Schengen-statane i forvaltninga av dei felles ytre grensene er grunnleggjande i EUs felles grensepolitikk, seier utanriksministeren. 

Yttergrensefondet utgjer totalt ca. 1,8 milliardar euro fram til 2013.

Noreg skal i denne perioden bidra med ca. 329 millionar kroner. 

Noreg vil òg få tildelt midlar frå fondet. Desse midlane skal brukast til å finansiere prosjekt i Schengen-samarbeidet. Det kan vere investeringar i utstyr til grensekontroll og grenseovervaking eller opplæring av grensekontrollørar og visumpersonell. Fondet kan som hovudregel dekkje inntil 50 prosent av prosjektkostnadene.