Signerer i dag norsk-dansk felles erklæring

Næringsminister Jan Christian Vestre har i dag underteikna ei felles erklæring med sin danske kollega om eit forsterka samarbeid om grøn industri og omstilling til eit låg-utsleppssamfunn.

Næringsminister Jan Christian Vestre og Danmarks erhvervsminister Morten Bødskov signerer felleserklæringen i Århus, Danmark
Næringsminister Jan Christian Vestre og Danmarks erhvervsminister Morten Bødskov underteikna felleserklæringa om grønt industrisamarbeid i Århus. Foto: TOM HANSEN/Innovasjon Norge

– Ambisjonen vår er å gjera Noreg og Danmark, og Norden, til ein grøn industri- og energiregion basert på naturressursar, kunnskapsmiljø, industriell kompetanse og det felles verdigrunnlaget vårt, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Felleserklæringa vart undereigna i Århus av Vestre og næringsminister Morten Bødskov i samband med Kongeparets offisielle besøk til Danmark 15. og 16. juni. Besøket markerer dei historiske banda og det nære naboforholdet mellom Noreg og Danmark.

Erklæringen kan lastes ned her

Fem innsatsområde

I erklæringa stadfestar Danmark og Noreg at dei to landa skal styrke dialogen for å bygge og forsterke den grøne industrien og arbeide for å nå klimamåla i Paris-avtalen.

– Vi skal ha jamleg dialog og samarbeide om politikkutforming til det beste for begge land, seier Vestre

– Dei to landa våre har eit felles verdigrunnlag og industrielle fortrinn som utfyller kvarandre godt. Det gir gode føresetnader for å etablere sterke klynger, berekraftige og trygge verdikjeder og teknologiske løysingar som saman kan bidra til at landa våre vil lykkast med den grøne omstillinga. Me har mykje å vinne på å dra nytte av kvarandre sine styrker, seier næringsministeren.

Det forsterka samarbeidet omfattar fem område:

  1. Fornybar energi, karbonfangst- og lagring, og hydrogen
  2. Helseteknologi og livsvitskap
  3. Blå havøkonomi, inkludert grøn skipsfart
  4. Teknologiutvikling og digitalisering
  5. Forsvarsindustri

– Vi politikarar bør engasjere oss og samarbeide meir strategisk for å legge til rette for eit sterkt og dynamisk næringslivssamarbeid. Samtidig er det næringslivet og bedriftene sjølv som må vere i førarsetet og ta ansvar for å utnytte marknadsmoglegheitene, inngå samarbeid og handtera utfordringane som følgjer av det grøne skiftet, seier Vestre.

Handel og næringssamarbeid med Danmark

Handel med varer:

  • Noreg eksporterte varer for 62,97 milliardar kroner til Danmark i 2022. Dette gjer Danmark til Noregs sjette viktigaste eksportmarknader.
  • Noreg importerer samtidig for 47,83 milliardar kroner, noko som gjer Danmark til den femte største eksportøren til Noreg.
  • Samla sett har samhandelen med varer styrkt seg med 58 prosent sidan 2011.

Tenestehandel:

  • Noreg eksporterte tenester for 14,88 milliardar kroner til Danmark i 2021 (siste tal frå SSB). Det er ein auke på 2 prosent frå året før.
  • Noreg importerte for 20 milliardar kroner, ein nedgang på 8 prosent frå 2020.
  • Samla sett har samhandelen med tenester auka med 25 prosent sidan 2011. Det er i hovudsak norsk eksport av tenester til Danmark som har styrkt seg.

Norsk næringsliv i Danmark:

  • Næringslivssamarbeidet mellom Noreg og Danmark er omfattande. Danmark er ein viktig marknad for norske bedrifter også sidan etablering i Danmark fungerer som ein inngangsport til andre europeiske marknader.
  • Over 600 norske bedrifter er til stades i landet, og 322 er norskkontrollerte (SSB, 2021) mellom anna Equinor, Telenor, DNB, Rema 1000 (Reitan) og Uno-X, og analyse- og konsulenthuset Rystad.