Historisk arkiv

Signerer nytt samarbeid mot mobbing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Sidan 2015 har Partnarskap mot mobbing vore eit forpliktande samarbeid for eit godt og trygt lærings- og oppvekstmiljø. No har 15 organisasjonar og verksemder signert den nye avtalen om å framleis setje arbeid mot mobbing på dagsorden, spreie kunnskap og utvikle kompetanse og samarbeid for å motverke mobbing.

– Alle barn og unge skal ha ein god oppvekst utan mobbing, enten det er i barnehagen, i skulen, på fritidsaktivitetar eller andre stader der dei held til. Det er ansvaret vårt som vaksne. Derfor er eg glad for at vi er 15 partnarar, som alle jobbar med barn og unge, som står saman om denne viktige jobben, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Dette er hovudpunkta i den nye avtalen:

  • Barn og unge har viktige erfaringar og kunnskap. Dei har rett til å bli høyrde og få medverke i arbeidet for at dei skal ha det trygt og godt i lokalsamfunna dei bur i.
  • Vaksne har ansvaret for at barn og unge har det trygt og godt og må samarbeide for å utvikle eit heilskapleg og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø.
  • Vi forpliktar oss til eit langsiktig partnarskap der vi skal gjennomføre tiltak i våre eigne organisasjonar og i fellesskap for å følge opp forpliktingane våre.

– Alle som jobbar med barn og unge må kunna førebygge, avdekke og stoppe mobbing

Partnarskapet skal lage ein handlingsplan som konkretiserer målet til partnarskapet, tiltak og arbeidsform. Ein viktig del av arbeidet er å få og spreie kunnskap.

– Sjølv om vi har jobba for å førebygge mobbing i lang, lang tid, er det framleis barn som blir halde utanfor leiken, blir mobba og gruer seg for å gå i barnehage eller på skulen. Arbeidet mot mobbing og for eit godt inkluderande læringsmiljø har høg prioritet hos regjeringa, og vi set av midlar til kompetansearbeid mot mobbing, handhevingsordning, mobbeombod og til partnarskap mot mobbing kvart år, seier Melby.

Vi må halde fram med å spreie kunnskap om dei store negative konsekvensane mobbing kan ha, både for den som blir mobba og for den som mobbar. Alle som jobbar med barn og unge må ha kompetanse nok til å kunne førebygge, avdekke og stoppe mobbing, avsluttar Melby.

Partnarskapet består no av regjeringa, Sametinget, Utdanningsforbundet, Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG), Foreldrutvalet for barnehagar (FUB), Fagforbundet, KS, Skolenes landsforbund, Skolelederforbundet, Elevorganisasjonen, Norsk Lektorlag, Private barnehagers landsforbund, Friskolenes kontaktforum, Landsgruppen av helsesykepleiere NSF og Frivillighet Norge.