Signering av bymiljøavtale for Oslo og Akershus

- Bymiljøavtalen mellom staten, Oslo kommune og Akershus fylkeskommune gjer det enklare og raskare å nå felles mål - mellom anna om betre framkome og betre byar å leve i.

Det seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen som i dag tok imot den framforhandla bymiljøavtalen.

Avtalen vart signert i dag av Lan Marie Berg, byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune, Tron Bamrud, fylkesrådmann i Akershus fylkeskommune, Elisabeth Enger, jernbanedirektør i Jernbanedirektoratet og Lars Aksnes, direktør i Statens vegvesen.

Til stades var også fylkesordførar Anette Solli, Akershus fylkeskommune og byrådsleiar Raymond Johansen, Oslo kommune.

Før avtalen trer i kraft, skal den handsamast av regjeringa, Oslo bystyre og Akershus fylkeskommune.

For meir informasjon om avtalen, sjå pressemelding og avtaleteksten hos Statens vegvesen.

Bilete, frå venstre:

Fylkesordførar Anette Solli, Akershus fylkeskommune, byrådsleiar Raymond Johansen, Oslo kommune, samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, Elisabeth Enger, jernbanedirektør i Jernbanedirektoratet, Lan Marie Berg, byråd for miljø og samferdsel i Oslo kommune, Lars Aksnes, direktør i Statens vegvesen og Tron Bamrud, fylkesrådmann i Akershus fylkeskommune. (Foto: SD/Henrik Jonassen)

Større versjon

Fleire bilete (Flickr)