Sjølvkøyrande bilar: Noreg med i høgnivå-gruppe i EU

- Europeisk samarbeid er viktig både for å hente erfaringar og informasjon frå andre land. Noreg er med i den nye høgnivå-gruppa for sjølvkøyrande bilar som EU no har etablert. Dette er ein god arena for å informere EU om kva vi gjer på dette feltet i Noreg, samt å lære av kva man gjer i dei andre EU-landa. Vi ønskjer å leggje til rette for utprøving av sjølvkøyrande køyretøy innafor rammer som varetek trafikktryggleik, framkome, datatryggleik og personvern. Eg ser difor for meg at Noreg kan bli ein interessant testarena for ulike aktørar på nasjonalt og europeisk nivå.


Statssekretær Tom Cato Karlsen og den nederlandske transportministeren Melanie Schultz van Haegen. Foto: Samferdselsdepartementet

Dette seier statssekretær Tom Cato Karlsen, som 15. februar deltok på eit EU-ministermøte i Amsterdam om C-ITS (Connected–Intelligent Transport Systems) og sjølvkøyrande køyretøy. Vert for møtet var den nederlandske transportministeren Melanie Schultz van Haegen.

Møtet var ei oppfølging av EU-transportministermøtet i Amsterdam i april i fjor, der ministrane vedtok Amsterdam-erklæringa om samarbeid knytt til samankobla og sjølvkøyrande kjøretøy. På møtet 15. februar gjekk ein gjennom korleis tiltaka i erklæringa er følgt opp, og kva som kan bli gjort framover for å oppnå eit enda betre og meir koordinert samarbeid på europeisk nivå.

Målet til EU er å vere klar til å fase inn samankobla og sjølvkøyrande køyretøy frå 2019. Føresetnaden er at teknologien er på plass og at krava til tryggleik er varetatte. Høgnivå-gruppa, som Noreg er med i, skal vere eit bindeledd mellom arbeidet som skjer i EU-kommisjonen og i dei einskilde landa. Gruppa skal ha møte to gonger per år. 

Rask utvikling krev europeisk samarbeid
Regjeringa  er oppteken av å sikre tilrettelegging for marknadsintroduksjon av sjølvkøyrande køyretøy.

- Utviklinga på dette området går svært raskt og mye har skjedd sidan i fjor vår, både på nasjonalt nivå og på EU-nivå. Personbilar og lastebilar kryssar landegrensene. Sams innsats i Europa er difor viktig for å leggje til rette for vidare teknologiutvikling. Vi ønskjer å hente ut dei positive effektane dette kan ha på trafikktryggleik, mobilitet og miljø, seier statssekretær Karlsen. 

Like før jul 2016 sendte Samferdselsdepartementet på høyring eit forslag til ny lov om utprøving av sjølvkøyrande køyretøy på veg. Målet er å kunne fremje eit lovforslag for Stortinget våren 2017. På europeisk nivå la EU-kommisjonen i november i fjor fram ein strategi om C-ITS (samverkande ITS).

 
For fleire opplysningar – sjå: