Historisk arkiv

Stabil arbeidsløyse i april

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

– Vi ser no at sysselsettinga aukar og jobbsjansane blir betre. Arbeidsløysa endra seg lite frå mars til april, men eg voner at det blir færre ledige og fleire i arbeid i løpet av året, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie i ein kommentar til NAVs arbeidsløysetal for april.

Den registrerte arbeidsløysa endra seg lite frå mars til april. Summen av talet på ledige og arbeidssøkarar på tiltak gjekk ned med om lag 230 personar. Talet heilt ledige (registrerte arbeidslause som ikkje er i eit tiltak) var uendra. I april utgjer talet heilt ledige 2,4 prosent av arbeidsstyrken (sesongjustert) – eit tal som hittil i 2018 har vore stabilt. 

Fakta om arbeidsløysa i april 2018

Ved utgangen av april var det registrert 66.800 heilt ledige.
I tillegg deltok 19.600 arbeidssøkarar på eit tiltak.
Bruttoarbeidsløysa var dermed 86.400.

Meir informasjon

Sjå NAV si pressemelding for meir informasjon om arbeidsløysetala.