Historisk arkiv

Stabil arbeidsløyse i september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

– Det har vore små endringar i arbeidsløysa i sommar. Nivået er det lågaste på mange år, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Frå august til september blei det 200 fleire arbeidslause. Delen av arbeidsstyrken som er heilt utan arbeid er no 2,4 prosent (sesongjustert). Delen har vore stabil sidan juli.

– Bedrifter som treng arbeidskraft bør sjå til Arbeids- og velferdsetaten for å finne folka dei treng. Det står mange i NAV-køa som kan og vil jobbe, og regjeringa ønskjer å få enda fleire i arbeid, seier Hauglie.

Fakta om arbeidsløysa
Sjå NAV. no for meir informasjon.