Historisk arkiv

Statoil skal utgreie CO2-lager på norsk kontinentalsokkel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet og Statoil har i dag signert ein avtale om å utgreie moglegheitene for geologisk lagring av CO2 på tre ulike stadar på norsk kontinentalsokkel. Ulike utbyggingskonsept skal også utgreiast. Omfanget på avtalen er på om lag 35 millionar kroner. Arbeidet skal gjennomførast innan 1. juni 2016.

-Vi er svært fornøgde med avtalen vi no har inngått med Statoil om å gjennomføre moglegheitsstudier for CO2-lagring på norsk kontinentalsokkel. Statoil har nær 20 års erfaring med CO2-lagring frå Sleipner og er difor svært godt rusta til å gjennomføre desse studiene, seier olje- og energiminister Tord Lien.

Olje- og energidepartementet har gjennomført ein konkurranse etter reglane for offentlege innkjøp om dette oppdraget. Statoil var einaste tilbydar i konkurransen. Avtalen er inngått etter forhandlingar. Resultata frå arbeidet vil saman med moglegheitsstudier for CO2-fangst og CO2-transport danne grunnlaget for ei avgjerd om vidare arbeid med fullskala CO2-handtering i Noreg.

CO2-handtering er eit viktig klimatiltak. For å oppnå dei måla ein sette seg i klimaavtalen frå Paris, vil fangst og lagring av CO2 i stort omfang vere heilt nødvendig. Regjeringas strategi for CO2-handtering inneheld eit breidt spekter av aktivitetar for å utvikle teknologiar for fangst, transport og lagring av CO2. Avtalen som no er inngått med Statoil er ein del av dette arbeidet.Figur: Oversikt over CO2-lager som skal utgreiast.

Figur: Oversikt over CO2-lager som skal utgreiast.