Statsbudsjettet 2016: Anbodskonkurranse om drifta av Haugesund lufthamn

- Konkurranse gir rom for innovasjon og nytenking, slik at kundane får betre tenester. Regjeringa følgjer opp Sundvoldenerklæringa ved å leggje til rette for at kommunar og private aktørar kan delta i utviklinga på og rundt flyplassane. Til neste år vil Samferdselsdepartementet ta fatt på arbeidet med ei slik utvikling for Haugesund lufthamn, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til endringar statsbudsjettet for 2016, der det blir gitt ei orientering om Samferdselsdepartementet i 2017 vil starte arbeidet med ein tenestekonsesjonsmodell på Haugesund lufthamn, Karmøy. Dette betyr at Avinor held fram med å eige lufthamna, medan heile drifta blir sette ut til andre aktørar etter ein anbodskonkurranse.

Lokale aktørar har lenge vore involvert i utviklinga av Haugesund lufthamn, og tenestekonsesjonsmodellen er eit alternativ til dagens modell. Tenestekonsesjonshavaren skal ta på seg heile drifts- og vedlikehaldsansvaret for lufthamna, og vil stå fritt til å fastsetje lufthamnavgiftene og styre den kommersielle drifta.

Det vil ikkje bli gitt tilskot til drifta av lufthamna. Tenestekonsesjonshavaren må òg dekkje kostnadene ved å nytte infrastrukturen gjennom eit årleg vederlag til Avinor.

Ordninga blir ikkje utvida

Dette er eit pilotprosjekt, og regjeringa legg ikkje opp til å endre Avinor-modellen, der det økonomiske overskotet på dei lønnsame lufthamner dekkjer underskotet på dei ulønnsame.

Regjeringa går difor ikkje innfor å utvide ordninga med tenestekonsesjon til andre lufthamner enn Haugesund før man har opparbeidet seg erfaring fra dette pilotprosjektet.

For fleire opplysningar - sjå Prop. 31 S - Endringar i statsbudsjettet 2016 under Samferdselsdepartementet