Statsråd Tung besøker Stavanger
Pressemelding | Dato: 08.04.2026 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) besøker Stavanger 10. april. Her vil ho mellom anna halde opningsinnlegg på eit møte om kunstig intelligens og konkurransekraft.
Det er Tek Norge og Næringsforeninga i Stavangerregionen som inviterer til arangementet «No skal KI gi cash».
10.00 – Statsråden held opningsinnlegg på møtet «No skal KI gi cash» Tema er korleis digitalisering og KI kan vere drivkraft for omstilling og bidra til nye næringar.
Stad: Rosenkildejhuset, Strandkaien 6, Stavanger
11.00 – Statsråden besøker Aker BP. Tema for møtet er korleis Aker BP bruker digitale verktøy og kunstig intelligens.
Stad: Aker BP, Jåttaflaten 28, Stavanger